No er det lenge sidan det har vore oppdateringar her på bloggen, og det måtte me berre gjera noko med.
Hermund har overlevd internatlivet så langt, og Hanna klarar seg fint utan mor og far. (Dei er jo berre nokre tastetrykk unna). Me har òg fått oss fleire venar, så så langt ser alt ut til å gå godt.
Mykje har skjedd sidan sist. Som sagt tidlegare, har Hermund skifta linje, og dei to stolte eigarane av sagatull har vorte klassekameratar. Interkulturelt Fokus ser så langt ut som ei kjekk linje, kvar onsdag er me leksehjelp. Dvs at me hjelper flyktingar (hovudsakleg burmesiske) med oppgåver i norsk.
IF-klassen har hatt ein heilt fantastisk tur rundt om i Europa. Me var i Brüssel, Budapest og Odense, og rulla gjennom Nederland, Tyskland, Sverige og Austerrike. (Wow, no har Hermund vore i Sverige). Tog-livet var heilt topp! Hermund og Runar fekk fire nye venar på toget; dei sov i same kupe som fire muslimske menn, ergo fire nye venar. Og Hanna fekk god kontakt med ein tysk gut på omlag 5 år..? Elles var turen prega av internhumor, tog, sjokolade, tog, vaflar, tog, EU, tog, kafè, tog, restaurant, tog, våtserviettar, tog, strikking, tog hekling, tog, knekkebrød, tog, soving og tog. Interrail var abselutt noko som ga meirsmak, så kanskje me vågar oss ut på interrail ein gong i framtida.
Me har mange gonger høyrt at eit bilete seier meir enn tusen ord, derfor vert ikkje denne teksten så veldig lang..:
BILETE FRÅ INTERRAILEN
(kjem seinare)
No for augneblinken har me haustferie. Den skal brukast til å få litt venleikssvevn, og sjølvsagt henga med venar og familie i lokalmiljøet vårt :P